Lagra og hald fram

Bestemmer om du vil registrera databasen, opna databasen for redigering eller setja inn ein ny tabell.

Ja, registrer databasen for meg

Vel å registrera databasen i brukarkopien din av LibreOffice. Når registreringa er utført, vert databasen vist i vindauget Vis → Datakjelder. Databasen må vera registrert for at du skal kunna setja inn databasefelta i eit dokument (Set inn → Felt → Fleire felt) eller i ei brevfletting.

Nei, ikkje registrer databasen.

Vel for å halda databaseinformasjonen i den oppretta databasefila.

Opna databasen for redigering

Kryss av for å visa databasefila slik at du kan redigera databasestrukturen.

Lag tabellar ved hjelp av tabellvegvisaren

Kryss av for å opna Tabellvegvisaren etter at databasevegvisaren er avslutta.

Databasevegvisar

Støtt oss!