Avanserte eigenskapar

Angjev nokre innstillingar for ein database.

For å bruka denne funksjonen …

I eit databasevindauge vel Rediger → Database → Eigenskapar og klikk på fanaAvanserte eigenskapar


Tilgangen til desse kontrollane er avhengig av datatypen:

Sti til dBASE-filer

Skriv inn stien til mappa som inneheld dBASE-filene.

Åtvaringsikon

Pass på at filutvidinga *.dbf for dBASE er skrive med små bokstavar.


Bla gjennom

Opnar eit dialogvindauge der du kan velja ei fil eller ei mappe.

Test tilkoplinga

Test tilkoplinga til databasen med dei gjeldande innstillingane.

Sti til tekstfilene

Skriv inn stien til mappa der tekstfilene er.

Sti til reknearkdokumentet

Skriv inn stien til reknearkdokumentet som du vil bruka som database.

Namnet på ODBC-datakjelda på systemet ditt

Skriv inn namnet på ODBC-datakjelda.

Brukarnamn

Skriv inn brukarnamnet du må ha for å få tilgang til databasen.

Treng passord

Viss denne er kryssa av, vert brukaren spurd om å oppgi passordet som krevst for å få tilgang til databasen.

Namnet på databasen

Skriv inn namnet på databasen.

Namnet på MySQL-databasen

Skriv inn namnet på MySQL-databasen som skal brukast som datakjelde.

Namnet på Oracle-databasen

Skriv inn namnet på Oracle-databasen som skal brukast som datakjelde.

Microsoft Access-databasefil

Skriv inn namnet på Microsoft Access-databasefila som skal brukast som datakjelde.

Vertnamn

Skriv inn vertsnamnet for LDAP-datakjelda.

Nettadresse for datakjelda

Skriv inn plasseringa til JDBC-datakjelda som ei nettadresse.

JDBC-drivarklasse

Skriv inn namnet på JDBC-drivarklassen som skal brukast til å kopla til datakjelda.

Testklasse

Test databasetilkoplinga gjennom JDBC-drivarklassen.

Vel ein database

Vel ein database frå lista, eller trykk Lag ein ny database for å laga ein ny database.

Støtt oss!