Tilleggsinnstillingar

Angje fleire innstillingar for ei datakjelde.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Rediger → Database → Eigenskapar i eit databasevindauge og klikk på fana Andre innstillingar


Tilgjenget til desse kontrollane er avhengig av databasetypen:

Vertnamn

Skriv inn vertnamnet til tenaren der databasen ligg. For eksempel «ldap.tenaer.no.»

Portnummer

Skriv inn portnummeret til tenaren der databasen ligg.

MySQL JDBC-drivarklasse

Skriv inn namnet på JDBC-drivaren for MySQL-databasen.

Teiknsett

Vel teiknsettet du vil bruka ved vising av databasen i LibreOffice. Denne innstillinga påverkar ikkje databasen. Vel «System» for å bruka standardteiknsettet til systemet.

Merknadsikon

Tekst- og dBASE-databasar er avgrensa til teiknsett med fast teiknlengd der alle teikna er koda med like mange byte.


Oracle JDBC-drivarklasse

Skriv inn namnet på JDBC-drivaren for Oracle-databasen.

Drivarinnstillingar

Angje tilleggsinnstillingar for drivaren.

Bruk katalog for filbaserte databasar

Bruk den gjeldande datakjelda for katalogen. Dette valet er nyttig når ODBC-datakjelda er ein databasetenar. Ikkje vel dette alternativet dersom ODBC-datakjelda er ein dBase-drivar.

Base DN

Skriv inn startpunktet for søk i LDAP-databasen (for eksempel «dc=com»)

Høgste tal på postar

Skriv inn det høgste talet på postar du vil lasta inn når du koplar til LDAP-tenaren.

Vis òg sletta postar

Vis alle postane i fila, også dei som er merka som sletta. Du kan ikkje slette postar viss du kryssar av i denne boksen.

Merknadsikon

I dBASE-formatet vert sletta oppføringar verande i fila.


Tipsikon

For å sjå endringane du gjer i databasen, kan du lukke koplinga til databasen og deretter kople til databasen igjen.


Register

Opnar dialogvindauget der du kan organisera tabellindeksane i den gjeldande dBase-databasen.

Teksten inneheld topptekstar

Kryss av her viss den første linja i tekstfila inneheld feltnamn.

Feltskiljeteikn

Skriv inn eller vel teiknet som skil datafelt i tekstfila.

Tekstskiljeteikn

Skriv inn eller vel teiknet som identifiserer eit tekstfelt i tekstfila. Du kan ikkje bruka det same teiknet som for feltskilje.

Desimalteikn

Skriv inn eller vel teiknet som er brukt som desimalteikn i tekstfila. Eksempel: komma (0,5) eller punktum (0.5).

Tusenskilje

Skriv inn eller vel teiknet som er brukt som tusenskilje i tekstfila. Eksempel: komma (1,000) eller punktum (1.000).

Filetternamn

Vel formatet for tekstfila. Filutvidinga du vel vil påverka innstillingane i dette dialogvindauget.

Støtt oss!