Genererte verdiar

Angjev innstillingane for automatiske oppretta verdiar for nye datapostar.

Tilgjenget på desse kontrollane er avhengig av databasetypen:

Hent ut dei utrekna verdiane

Slår på støtte for LibreOffice auto-auking i datafelt i gjeldande ODBC- eller JDBC-datakjelde. Vel dette alternativet viss auto-aukingeigenskapen i SDBCX-laget til databasen ikkje er støtta. Generelt får alle primærnøkkelfelt auto-aukingeigenskapen.

Auto-auking-setning

Skriv inn SQL-instruksjonen som fortel datakjelda at ho skal auto-auke eit gjeve heiltalsdatafelt. For eksempel vil denne MySQL-setninga bruka «AUTO_INCREMENT»-uttrykket for å auke «id»-feltet kvar gong setninga lagar eit datafelt:

CREATE TABLE "table1" ("id" INTEGER AUTO_INCREMENT)

For dette eksempelet må du skriva inn AUTO_INCREMENT i boksen Auto-aukingssetning.

Spørjing på genererte verdiar

Skriv inn ei SQL-setning som sender tilbake den sist auto-auka verdien for primærnøkkelfeltet. For eksempel:

SELECT LAST_INSERT_D();

Støtt oss!