Køyr SQL-uttrykk

Opnar eit dialogvindauge der du kan skriva inn ein SQL-kommando for administrering av ein database.

For å bruka denne funksjonen …

I eit vindauge for databasefil, vel Verktøy → SQL


Utføra SQL-kommandoar

Du kan berre skriva inn administrasjonskommandoar i dette dialogvindauget, slik som «Godta», «Lag tabell» eller «Dropp tabel»l og ikkje filterkommandoar. Kva kommandoane som kan skrivast er avhengig av datakjelda. For eksempel kan dBASE berre køyra nokre av SQL-kommandoane viste her.

Merknadsikon

For å køyre ei SQL-spørjing for filtrering av data i databasen, bruk Spør oppsettvising.


Kommando som skal køyrast

Skriv inn SQL-kommandoen du vil køyra.

For eksempel kan du for ei «Litteraturliste»-datakjelde, skriva inn denne SQL-kommandoen:

SELECT "Adresse" FROM "biblio" "biblio"

Du kan finne meir informasjon om SQL-kommandoar i dokumentasjonen som kom med databasen.

Førre kommando

Lister opp dei SQL-kommandoane som er køyrde tidlegare. Vel ein kommando og trykk Køyr for å køyra ein kommando på nytt.

Status

Viser resultatet, med eventuelle feilmeldingar, til SQL-kommandoen du køyrde.

Køyr

Køyrer kommandoen som du skreiv inn i boksen Køyr kommando.

Lukk

Lukkar dialogvindauget.

Støtt oss!