Indeksar

Let deg organisere dBASE-databaseindeksar. Ein indeks gjev deg rask tilgang til ein database dersom dataa du spør etter er angjevne i ein indeks. Ved utforming av ein tabell kan du angje indeksar på fana Indeksar.

For å bruka denne funksjonen …

I eit vindauge for databasefil av typen dBASE vel Rediger → Database → Eigenskapar og trykk på Indeksar.


Tabell

Vel databasetabellen som skal indekserast.

Tabellindeksar

Lister opp dei gjeldande indeksane for den valde databasetabellen. Merk ein indeks og trykk på pila mot høgre for å fjerna ein indeks.

Ledige indeksar

Lister opp dei tilgjengelege indeksane som du kan bruka på ein tabell. Trykk på pila mot venstre for å for å bruka ein indeks på den valde tabellen. Den doble pila mot venstre tar i bruk alle tilgjengelege indeksar.

<

Flytt den valde indeksen til lista over Tabellindeksar.

<<

Flytt alle ledige indeksar til lista over Tabellindeksar.

>

Flytt den valde tabellindeksen til lista over Ledige indeksar.

>>

Flytt alle tabellindeksane til lista over Ledige indeksar.

Støtt oss!