dBASE

Set innstillingane for ein dBASE-database.

For å bruka denne funksjonen …

I eit vindauge for databasefil av typen dBASE vel du Rediger → Database → Eigenskapar.


For å kunna angje relasjonar mellom tabellar, bruk JDBC eller ODBC innanfrå LibreOffice.

Vis avslåtte datapostar

Viser alle postane i ei fil, også dei som er merkte som sletta. Du kan ikkje sletta postar viss du kryssar av her.

I dBASE-formatet vert sletta oppføringar framleis i fila.

For å sjå endringar som du gjer i databasen, lukk koplinga til databasen, og så kopla til databasen igjen.

Teiknsett

Vel kodekonverteringa som du vil bruka for å vise databasen i LibreOffice. Dette gjer ingenting med sjølve databasen. Vel «System» for å bruka standardteiknsettet til operativsystemet. Tekst- og dBase-databasar er avgrensa til teiknsett med fast storleik på teiknlengda, der alle teikna vert koda med like mange byte.

Bruk SQL92-namnereglane

Tillat berre namn i datakjelda som brukar teikn som tar omsyn til namneavgrensingane i SQL92-standarden. Alle andre teikn vert ignorerte. Kvart namn må byrja med ein bokstav eller ein understrek («_»). Resten av teikna kan vera ASCII-teikn, understrekar eller tal.

Indeksar

Opnar dialogvindauget Indeksar, der du kan ordna tabellindeksane for gjeldande dBASE-database.

Støtt oss!