ODBC

Bestemmer innstillingane for ODBC-databasar. Dette gjeld også brukartilgang, drivarinnstillingar og skriftval.

Brukarnamn

Skriv inn brukarnamnet for å få tilgang til databasen.

Krev passord

Hindrar uvedkomande i å få tilgang til databasen. Du treng berre å skriva inn passordet ei gong per økt.

Drivarinnstillingar

Bruk dette tekstfeltet for å skriva inn ekstra drivarinnstillingar viss dette er nødvendig.

Teiknsett

Vel kodekonverteringa som du vil bruka for å vise databasen i LibreOffice. Dette gjer ingenting med sjølve databasen. Vel «System» for å bruka standardteiknsettet til operativsystemet. Tekst- og dBase-databasar er avgrensa til teiknsett med fast storleik på teiknlengda, der alle teikna vert koda med like mange byte.

Generelt

Hent ut dei utrekna verdiane

Slå på støtte i LibreOffice for auto-auking av datafelt for den gjeldande ODBC- eller JDBC-datakjelda. Kryss av i denne boksen viss databasen ikkje har støtte for auto-auking i i SDBCX-laget. Til vanleg vert primærnøkkelfelta sett til å ha auto-auking.

Automatisk auke

Skriv inn SQL-kommandoen som fortel datakjelda at eit gjeve heiltals-datafelt skal auto-aukast. Ein typisk SQL-setning for å lage eit datafelt er for eksempel:

CREATE TABLE "table1" ("id" INTEGER)

For å auto-auke «id»-datafeltet i ein MySQL-database må du endra setninga til:

CREATE TABLE "table1" ("id" INTEGER AUTO_INCREMENT)

Med andre ord, skriv inn AUTO_INCREMENT i boksen Auto-increment statement.

Spørjing på utrekna verdiar

Skriv inn ei SQL-setning som gjev den siste auto-oppdaterte verdien for primærnøkkelfeltet. For eksempel:

SELECT LAST_INSERT_D();

Bruk SQL92-namnereglane

Tillat berre namn i datakjelda som bruker teikn som tar omsyn til namneavgrensingane i SQL92-standarden. Alle andre teikn vert ignorerte. Kvart namn må byrja med ein bokstav eller ein understrek («_»). Resten av teikna kan vera ASCII-teikn, understrekar eller tal.

Bruk «Katalog» for filbaserte databasar

Bruk den gjeldande datakjelda i «Katalog». Detter er nyttig når ODBC-datakjelda er ein databasetenar. Viss ODBC-datakjelda er ein dBase-drivar, skal du ikkje kryssa av her.

Støtt oss!