Generelt

Når du som administrator opprettar ein databasetabell, kan du bruka denne fana for å bestemma brukartilgang og redigera dataa eller tabellstrukturen.

Dersom du ikkje er administrator, kan du bruka fana Generelt for å sjå tilgangsrettane dine for den valde tabellen.

Tabellnamn

Viser namnet på den valde databasetabellen.

Type

Viser databasetypen.

Stad

Viser den fullstendige stien for databasetabellen.

Les data

Tillet ein brukar å lesa dataa.

Set inn data

Tillet ein brukar å setja inn nye data.

Endra data

Tillet ein brukar å endra data.

Slett data

Tillet ein brukar å sletta data.

Endra tabellstruktur

Tillet ein brukar å endra tabellstrukturen.

Definisjon

Tillet ein brukar å sletta tabellstrukturen

Endra referansar

Tillet ein brukar å endra dei definerte referansane. Dette kan for eksempel vera å laga nye relasjonar for tabellen, eller å sletta eksisterande relasjonar.

Støtt oss!