Tildel kolonnar

I datakjeldeoversikta kan du kopiera ein tabell ved Ä dra og sleppa tabellen pÄ tabellbehaldaren. Viss du markerer avkrysingsfeltet Legg til data pÄ den fÞrste sida av dialogvindauget Kopier tabell, sÄ vert dialogvindauget Tildel kolonnar opna som det andre vindauget. Du kan bruka dette dialogvindauget for Ä kartleggja innhaldet i eit datafelt i kjeldetabellen til eit anna datafelt i mÄltabellen.

Kjeldetabell

Lister opp datafelta i kjeldetabellen. For Ä ta med eit datafelt frÄ kjeldetabellen til mÄltabellen, kryss av i boksen framfÞre datafeltnamnet. For Ä avbilda innhaldet i eit datafelt frÄ kjeldetabellen til eit anna felt i mÄltabellen, trykk pÄ datafeltet i kjeldetabell-lista og deretter pÄ pil opp eller ned. Trykk Alle for Ä ta med alle datafelta frÄ kjeldetabellen i mÄltabellen.

MĂ„ltabell

Listar opp dei moglege datafelta i mÄltabellen. Berre datafelt som er merkte i kjeldetabellen vert tekne med i mÄltabellen.

opp

Flytter den merkte oppfĂžringa ein plass opp i lista.

ned

Flytter den merkte oppfĂžringa ein plass ned i lista.

alle

Merkjar alle datafelta i lista.

ingen

Nullstiler alle avkryssingsboksane i lista.

StĂžtt oss!