Typeformaterting

I datakjeldeoversikta kan du kopiera ein tabell ved å dra og sleppa tabellen på tabellbehaldaren. Dialogvindauget Typeformatering er det tredje vindauget i dialogvindauget Kopier tabell.

Listeboks

Viser dei datafelta som vert tekne med i den kopierte tabellen.

Dokumentinformasjon

Filnamn

Viser namnet på det merkte datafeltet. Du kan, om ønskjeleg, skriva inn eit nytt namn på feltet.

Felttype

Vel ein felttype.

Lengd

Skriv inn talet på teikn i datafeltet.

Desimalplassar

Skriv inn talet på desimalar for datafeltet. Dette valet er berre tilgjengeleg for numeriske felt og desimalfelt.

Standardverdi

Vel standardverdien for eit Ja/Nei-felt.

Automatisk typegjenkjenning

LibreOffice kan automatisk kjenna igjen feltinnhaldet når du kopierer databasetabellane med dra og slepp.

(maks.) linjer

Skriv inn talet på linjer som skal brukast til automatisk typegjenkjenning.

Auto

Slå på automatisk typegjenkjenning.

Støtt oss!