LibreOffice 7.1 Hjelp
Denne kommandoen opnar vindauget Relasjonsoppsett, som let deg bestemma samanhengar imellom ulike databasetabellar.
Her kan du lenkja saman tabellar frå databasen via felles datafelt. Trykk på Ny relasjon for å laga relasjonen, eller dra og slepp ved hjelp av datamusa.
Denne funksjonen er berre tilgjengeleg viss du arbeider med ein relasjonsdatabase.
Når du vel Verktøy → Relasjonar kjem det opp eit vindauge der alle eksisterande relasjonar mellom tabellane i den gjeldande databasen vert viste. Viss ingen relasjonar er angjeve, eller viss du vil relatera andre tabellar i databasen til kvarandre, klikk på ikonet Legg til tabellar. Dette vil opna vindauget Legg til tabellar der du kan velja kva for tabellar som skal brukast for å laga ein relasjon.
Viss vindauget Relasjonsutforming er ope, kan ikkje dei valde tabellane forandrast, sjølv i Lag tabell-modus. Dette forsikrar at tabellar ikkje vert endra medan relasjonane vert oppretta.
Dei valde tabellane vert viste i toppområdet av relasjonsvisinga. Du kan lukke eit tabellvindauge via sprettoppmenyen eller med Delete-tasten.
Viss du vil definera ein relasjon mellom dei ulike tabellane, bør du skriva inn ein primærnøkkel som identifiserer eit datafelt i den eksisterande tabellen. Du kan referera til primærnøkkelen frå andre tabellar for å få tilgang til data frå denne tabellen. Alle datafelt som refererer til denne primærnøkkelen vert identifisert som ein framand nøkkel.
Alle datafelta som refererer til ein primærnøkkel, vert identifiserte i tabellvindauget av eit lite nøkkelsymbol.
Alle eksisterande relasjonar vert viste i relasjonsvindauget med ei linje som bind saman det primære og framande nøkkelfelt. Du kan leggja til ein relasjon ved å bruka dra og slepp for å droppe feltet frå ein tabell på feltet i den andre tabellen. Ein relasjon vert fjerna igjen ved å merkja han og trykkja på Delete-tasten.
Alternativt kan du også klikka på ikonet Ny relasjon i toppområdet av relasjonsfeltet og angje relasjonen mellom to tabellar i dialogvindauget Relasjonar.
Viss du brukar LibreOffice som grenseflate for ein relasjonsdatabase, vert ikkje opprettinga og slettinga av forhold lagra i eit mellomliggjande minne av LibreOffice, men vert sendt vidare direkte til databasen.
Ved å dobbeltklikka på ei samankoplingslinje kan du tildela bestemte eigenskapar til relasjonen. Dialogvindauget Relasjonar vert vist.