Lokalmeny for tabellar

Sprettoppmenyen i tabellhaldaren har ulike funksjonar som gjeld for alle databasetabellane. For å redigera ein bestemt tabell i databasen, merk den tilsvarande tabellen og opna den tilhøyrande sprettoppmenyen.

For å bruka denne funksjonen …

Trykk på knappen Tabellar i eit databasefilvindauge.


Merknadsikon

Avhengig av samanhengen, kan det henda at ikkje alle funksjonane i den gjeldande databasen vert vist i sprettoppmenyane. For eksempel er kommandoen Relasjonar, for å angje relasjonane mellom ulike tabellar, berre tilgjengeleg når du arbeider med relasjonsdatabasar.


Avhengig av databasesystemet, kan du finna desse elementa i sprettoppmenyane:

Opna

Bruk Opna-kommandoen til å opna det valde objektet i ei ny oppgåve.

Viss ein tabell er ope, er det fleire tilgjengelege funksjonar for å redigera data med.

Relasjonar

Denne kommandoen opnar vindauget Relasjonsoppsett, som let deg bestemma samanhengar imellom ulike databasetabellar.

Lag lenkje

Denne kommandoen kan brukast når eit objekt er merkt. Ei lenkje med namnet «Lenke til xxx» (der xxx er namnet på objektet) vert laga direkte i same mappa som det valde objektet.

Støtt oss!