Tabellar

I redigeringsmodus for tabelldata kan du sjå dataa som rader med postar med valfri filtrering og sortering. Du kan også leggja til nye postar, endra eksisterande postar eller sletta dei.

I LibreOffice Hjelp kan du finna fleire opplysningar om desse emna:

Opprett nytt eller rediger tabelloppsettet

Datakjelder

Denne bolken inneheld informasjon om utforsking og redigering av databasetabellar.

Finn post

Sortera og filtrera data

Relasjonar, primær og ekstern nøkkel

Lokalmeny for tabellar

Sprettoppmenyen i tabellhaldaren har ulike funksjonar som gjeld for alle databasetabellane. For å redigera ein bestemt tabell i databasen, merk den tilsvarande tabellen og opna den tilhøyrande sprettoppmenyen.

Støtt oss!