Vegvisar for gruppeelement: Data

Bestemmer kva alternativfelt ein gruppeboks skal innehalda.

For å bruka denne funksjonen …

I skjemautforming kan du trykkja på gruppeboksen på verktøylinja
og laga ei ramme med musa. Dette er side 1 i vegvisaren.


Kva for namn vil du bruka på alternativfelta?

Her kan du laga etikettar for kvart valfelt. Under denne etiketten vert valfeltet i skjemaet vist. Denne oppføringa gjer det same som eigenskapen etikett i valfeltet.

Godta

>>

Stadfestar den gjeldande etiketten og kopierer han til valfeltlista.


Skriv inn etiketten du vil bruka for kvart alternativfelt i gruppa du vil laga, og kopier etiketten til lista ved å trykkja på pilknappen. Gjenta desse stega til du har laga etiketter for alle alternativfelta.

Alternativfelt

Viser alle valfelta som må takast med i grupperingsramma.

Fjern

<<

Fjernar dei valde valfelta frå lista.


Støtt oss!