LibreOffice 7.5 Hjelp
Bestemmer bilettypen og ønskt oppløysing på skjermen.
Bestemmer filformatet for bilete. Du kan også velja kor mye bilete som skal eksporterast skal komprimerast.
Filene vert eksporterte i PNG-format. PNG-filer vert komprimerte utan datatap, og kan innehalda meir enn 256 fargar.
Filene vert eksporterte i GIF-format. GIF-filer vert komprimerte utan datatap, og kan ha opp til 256 fargar.
Filene vert eksporterte i JPEG-format. JPEG-filer vert komprimerte med valfri komprimering, og kan innehalda meir enn 256 fargar.
Vel kor mykje JPEG-bilete skal komprimerast. 100 % gjev best kvalitet for eit stort dataområde. 25 % gjev små filer med dårlegare biletkvalitet.
Bestemmer oppløysinga for skjermen som presentasjonen skal visast på. Biletet vert vist i redusert storleik, avhengig av oppløysinga som er vald. Du kan velja ein reduksjon på opp til 80 % av opphavleg storleik.
Vel låg oppløysing for å halda filstorleiken nede også om presentasjonen inneheld mange lysbilete.
Vel middels oppløysing for ein mellomstor presentasjon.
Vel høg oppløysing når lysbiletframvisinga krev høg kvalitet.
Bestemmer om lydeffektane som er vald for lysbiletovergangane også skal eksporterast.