LibreOffice 7.5 Hjelp
Bestemmer kva publikasjonstype som skal brukast.
Du kan velja om du vil ta med rammer, laga in tittelside eller vise presentasjonsnotat.
Bestemmer dei grunnleggjande innstillingane for eksporten.
Lag HTML-sider av sidene som vert eksporterte.
Lag rammer. Den eksporterte sida vert plassert i hovudramma. Ramma til venstre viser ei innhaldsliste med hyperlenkjer.
Lag ei tittelside til dokumentet.
Vel om notata ĂČg skal visast.
Lagar ein standard-HTML-presentasjon som ein sÄkalla kioskeksport. Dette er ei automatisk vising der bileta vert viste ei bestemt tid.
Lysbileteovergangen er styrt av tida du set av til kvart lysbilete i presentasjonen. Dersom du vel ein manuell sideovergang, kjem HTML-presentasjonen til Ä visa ei ny side nÄr du trykkjer pÄ kva tast som helst pÄ tastaturet.
Sideovergangen skjer automatisk etter tida som er sett og er ikkje avhengig av innhaldet i presentasjonen.
Vel kor lenge kvart lysbilete vert vist.
Start HTML-presentasjonen om igjen automatisk etter at siste lysbiletet er vist.
NÄr eksport for nettkringkasting vert brukt, vert det automatisk laga skript med stÞtte for Perl eller ASP. PÄ denne mÄten kan talaren (for eksempel ein talar pÄ ein telefonkonferanse, som kÞyrer ei lysbiletframvising pÄ Internett) endra lysbileta i nettlesarane til publikum. Du finn meir informasjon om nettkringkasting seinare i denne delen.
Dette valet gjer at WebCast export lagar ASP-sider nÄr du vel ASP. Merk at denne HTML-presentasjonen berre vil verka pÄ vevtenarar som har stÞtte for ASP.
Dette valet vert brukt av programmet for nettkringkasting til Ă„ eksportera sider i HTML-format og som Perl-skript.
Skriv inn ein nettadresse (absolutt eller relativ) som lesaren av presentasjonen skal skriva inn for Ä kunna sjÄ presentasjonen.
Skriv inn ein nettadresse (absolutt eller relativ) der HTML-presentasjonen skal lagrast pÄ nettenaren.
Skriv inn ei nettadresse (absolutt eller relativ) for Perl-skripta som vert laga.
Det finst to nettkringkastingsteknologiar du kan bruka til Ă„ eksportera LibreOffice Impress-presentasjonar: Active Server Pages (ASP) og Perl.
I begge tilfella krev nettkringkasting ein HTTP-tenar som stÞttar anten Perl eller ASP som skriptsprÄk. Difor er vala for eksport avhengig av HTTP-tenaren som vert brukt.
NĂ„r du skal eksportera til ASP, vel du Fil â Eksporter i eit LibreOffice Impress-dokument. DĂ„ kjem dialogvindauget Eksporter fram. Her vel du HTML-dokument som filtype. NĂ„r du har vald ei mappe og skrive inn filnamnet, trykkjer du pĂ„ Eksporter. Vi rĂ„r til at du gjev HTML-fila eit «hemmeleg» filnamn nĂ„r du eksporterer til ASP (du finn meir informasjon om dette nedanfor). Dialogvindauget HTML-eksport vert synleg. NĂ„ vil fleire filer verta skrivne til mappa du har vald.
FÞredragshaldaren brukar filnamnet som er skriv inn til Ä gÄ gjennom lysbileta som vert viste for publikum. Du kan lagra filene for nettkringkasting lokalt, eller lasta dei direkte opp til ein HTTP-tenar. Filer som er lagra lokalt, kan ogsÄ overfÞrast til ein HTTP-tenar via FTP seinare. Ver merksam pÄ at nettkringkasting berre verkar viss filene vert henta frÄ ein HTTP-tenar.
Du kan ikkje lagra to ulike HTML-eksporter i den same mappa.
Vel Nettkringkasting som publikasjonstype pÄ side to i vegvisaren for HTML-eksport.
I delen «Nettpublisering» merkjar du av for Active Server Pages (ASP). NÄ kan du halda fram med Ä velja fleire innstillingar, eller du kan byrja eksporten direkte ved Ä trykkja pÄ Lag-knappen.
Du kan bruka nettkringkasting sÄ snart dei eksporterte filene er tilgjengelege pÄ ein HTTP-tenar.
Eksempel:
Lat oss seia at du har installert Microsoft Internet Information Server (IIS) pÄ datamaskinen. DÄ du sette opp IIS, valde du mappa «C:\Inet\wwwroot\presentasjon» som mÄlmappe for HTML-filer. I dette eksempelet gÄr vi ut frÄ at nettadressa til datamaskinen du brukar, er «http://mintenar.no».
Filene som vart laga ved hjelp av vegvisaren for HTML-eksport er lagra i mappa «C:\Inet\wwwroot\presentasjon\». Denne mappa inneheld ei HTML-fil som er laga ved hjelp av vegvisaren, for eksempel med filnamnet «hemmeleg.htm». Dette er namnet du skreiv inn i dialogvindauget «Eksporter» (sjÄ over). NÄ kan fÞredragshaldaren bla til dei eksporterte HTML-filene ved Ä skriva inn nettadressa «http://mintenar.no/presentasjon/hemmeleg.htm» i ein nettleser som har stÞtte for JavaScript. NÄ kan fÞredragshaldaren gjera endringar pÄ sida ved hjelp av nokre skjemakontrollar.
NÄ kan publikum sjÄ lysbiletet som fÞredragshaldaren har vald ved Ä gÄ til nettadressa«http://mintjener.no/presentasjon/webcast.asp». Publikum kan ikkje gÄ til andre lysbilete pÄ denne nettadressa uten at dei veit kva filnamn lysbiletet har. Difor bÞr HTTP-tenaren setjast opp slik at han ikkje viser innhaldet i mappa.
NĂ„r du skal eksportera, vel du Fil â Eksporter i eit LibreOffice Impress-dokument. DĂ„ kjem dialogvindauget Eksporter fram. Her vel du HTML-dokument som filtype. NĂ„r du har vald ei mappe og skrive inn eit filnamn, trykkjer du pĂ„ Eksporter. DĂ„ vert vegvisaren for HTML-eksport opna. NĂ„ vil nokre filer verta skrivne til mappa du har vald.
Det innskrivne filnamnet vert brukt av fĂžredragshaldaren for Ă„ byte lysbilete. Du bĂžr difor laga eller velja ei tom mappe til Ă„ lagra filene i.
Vel Nettkringkasting som publikasjonstype pÄ side to i vegvisaren for HTML-eksport.
I delen «Nettpublisering» merkjar du av for Perl.
I tekstfeltet Nettadresse for lyttarar skriv du inn filnamnet til HTML-dokumentet som publikum skal ha tilgang til. I URL for presentasjon skriv du inn nettadressa til mappa som skal brukast i presentasjonen, og i Nettadresse for Perl-skript skriv du inn nettadressa til mappa med CGI-skript. NÄ kan du gjera fleire innstillingar pÄ dei neste sidene i vegvisaren eller starta eksporten ved Ä trykkja pÄ knappen Lag.
NÄ mÄ du setja opp filene som vart laga med vegvisaren for HTML-eksport pÄ ein HTTP-tenar som har stÞtte for Perl. Dette kan ikkje gjerast automatisk fordi det finst mange ulike HTTP-tenarar som har stÞtte for Perl. Nedanfor finn du ein generell omtale av stega du mÄ gÄ gjennom. SjÄ i dokumentasjonen for tenaren eller ta kontakt med nettverkadministratoren for Ä finna ut korleis desse stega skal utfÞrast pÄ tenaren du brukar.
FÞrst bÞr du flytta filene som vart laga under eksporten, til rett mappe pÄ HTTP-tenaren.
Flytt alle filene med filtypen HTM, JPG og GIF til den mappa pÄ HTTP-tenaren som tekstfeltet Nettadresse for presentasjon viser til.
Alle filene med filtypen PL og TXT mÄ flyttast til den mappa pÄ HTTP-tenaren som tekstfeltet Nettadresse for Perl-skript viser til. Denne mappa mÄ setjast opp pÄ ein slik mÄte at Perl-skripta i mappa ogsÄ kan kÞyrast av ei HTTP-spÞrjing.
PÄ UNIX-system mÄ filer med filtypen PL gjerast kÞyrbare for HTTP-tenaren. Dette vert til vanleg gjort med kommandoen «chmod». Dessutan mÄ fila «currpic.txt» gjerast skrivbar for HTTP-tenaren.
NĂ„ skal du kunna bruka nettkringkasting.
Eksempel:
I dette eksempelet gÄr vi ut frÄ at du brukar ein HTTP-tenar pÄ ein datamaskin med Linux. Nettadressa til HTTP-tenaren er «http://mintenar.no» og mÄlmappa for HTML-dokument er «//usr/local/http/». Perl-skripta er i mappa«//usr/local/http/cgi-bin/». Skriv inn «hemmeleg.htm» som namn pÄ eksportfila og «presentasjon.htm» som Nettadresse for lyttarar. I tekstfeltet Nettadresse for presentasjon skriv du inn «http://mintenar.no/presentasjon/» og i Nettadresse for Perl-skript skriv du inn «http://mintenar.no/cgi-bin/».
NÄ mÄ du kopiera alle filer med filtypen HTM, JPG og GIF frÄ mappene som vart spesifiserte for HTML-eksport til mappa«//usr/local/http/presentation/» pÄ HTTP-tenaren, og kopiera alle filer med filtypen PL og TXT til mappa «//usr/local/http/cgi-bin/».
Logg deg pÄ tenaren som «root» og gÄ til mappa «//usr/local/http/cgi-bin/». Bruk kommandoen «chmod» til Ä setja dei tilsvarande rettane.
NÄr du er ferdig med Ä installera Perl-filene, kan fÞredragshaldaren visa presentasjonen. Publikum kan sjÄ denne presentasjonen pÄ nettadressa «http://mintenar.no/presentasjon/presentasjon.htm».