Rapportvegvisar → Gruppering

Du kan gruppera postar i ein rapport basert på verdiane i eitt eller fleire felt. Vel felta som rapporten skal grupperast etter. Du kan gruppera opp til fire felt i ein rapport. Når du grupperer meir enn eitt felt, nester LibreOffice gruppene i høve til grupperingsnivået.

For å bruka denne funksjonen …

Trykk Bruk vegvisar for å lage ein rapport i eit vindauge for ei databasefil.


Felt

Viser dei felta som du valde på den førre sida i vegvisaren. For å gruppera rapporten etter eit felt, merker du feltnamnet og trykkjer på knappen >. Du kan velja opp til fire grupperingsnivå.

Grupperingar

Viser ei liste over felta som rapporten vert gruppert etter. Viss du vil fjerna eit grupperingsnivå, merkjer du namnet på feltet og trykkjer på <-knappen. Du kan velja opp til fire grupperingsnivå.

>

Trykk for å flytta dei valde felta til boksen pila peikar på.

<

Trykk for å flytta dei valde felta til boksen pila peikar på.

Meir om rapportvegvisaren → Sorteringsalternativ

Støtt oss!