LibreOffice 25.2 Hjelp
Slår på vegvisaren for rapportar.
Trykk Bruk vegvisar for å lage ein rapport i eit vindauge for ei databasefil.
Vel rapporteigenskapane.
Vel kva tabell eller spørjing du lagar rapporten for, og kva felt du vil ha med i rapporten
Du kan gruppera postar i ein rapport basert på verdiane i eitt eller fleire felt. Vel felta som rapporten skal grupperast etter. Du kan gruppera opp til fire felt i ein rapport. Når du grupperer meir enn eitt felt, nestar LibreOffice gruppene i høve til grupperingsnivået.
Vel felta du vil sortera rapporten etter. Felt kan sorterast i opp til fire nivå, kvart av dei anten stigande eller fallande. Grupperte felt kan berre sorterast innføre kvar gruppe.
Vel utforminga frå ulike malar og stilar, og vel ståande eller liggjande sideretning.
Du kan laga rapporten som ein statisk eller ein dynamisk rapport. Når du opnar ein dynamisk rapport, vert han vist med det gjeldande datainnhaldet. Når du opnar ein statisk rapport, vert han alltid vist med dei same dataa som då han vart laga.