LibreOffice 25.2 Hjelp
Startar vegvisaren for møteplanar. Ein møteplan er nyttig for å strukturera diskusjonar på konferansar og møte.
LibreOffice vert levert med ein eksempelmal for møteplanar, som du kan tilpassa til dine eigne behov. Vegvisaren har fleire val for oppsett og utforming som du kan bruka for å laga dokumentmalar. Førehandsvisinga gjev eit inntrykk av korleis den ferdige møteplanen vil sjå ut.
I vegvisaren kan du når som helst endra oppføringar. Du kan også hoppe over ei side eller alle sidene i vegvisaren. I så fall vert dei gjeldande innstillingane (eller standardinnstillingane) brukte.
Går tilbake til dei vala som vart gjort på den førre sida. Dei gjeldande innstillingane vert ikkje endra. Denne knappen er aktiv berre frå den andre sida og utover.
Vegvisaren lagrar dei gjeldande innstillingane og går vidare til neste side. Knappen kan ikkje brukast på den siste sida.
Vegvisaren brukar vala du har gjort til å laga ein ny dokumentmal som vert lagra på harddisken. Eit nytt dokument som byggjer på malen, vert vist i arbeidsområdet. Dokumentet får namnet «Utan namn X» (der X er eit tal som vert sett automatisk).
LibreOffice lagrar dei gjeldande innstillingane i vegvisaren i samsvar med den valde dokumentmalen. Desse innstillingane vert brukte som standardinnstillingar neste gong du brukar vegvisaren.