LibreOffice 7.5 Hjelp
Opnar faks-vegvisaren. Vegvisaren hjelper deg å laga dokumentmalar for faksar. Du kan skriva ut faksen på ein skrivar eller senda han som faks, dersom du har programvare for det.
LibreOffice vert levert med ein mal for faksdokument, som du kan tilpassa til dine eigne behov ved hjelp av vegvisaren. Vegvisaren leier deg steg for steg gjennom prosessen med å laga ein dokumentmal og har fleire val for oppsett og utforming. Førehandsvisinga gjev eit inntrykk av korleis den ferdige faksen vil sjå ut.
I dialogvindauget kan du når som helst endra oppføringar og val. Du kan også hoppa over ei side eller alle sidene i vegvisaren. Gjer du det, vert dei gjeldande innstillingane (eller standardinnstillingane) brukte.
Trykk på knappen Førre for å visa innstillingane som er valde på den førre sida. Dei gjeldande innstillingane vert ikkje endra eller sletta når du brukar denne knappen. Knappen Førre kan berre brukast på den andre sida og utover.
Vegvisaren lagrar dei gjeldande innstillingane og går til neste side. Knappen Neste kan ikkje brukast når du har nådd den siste sida i vegvisaren.
Vegvisaren lagar ein dokumentmal på grunnlag av vala dine og lagrar han. Eit nytt dokument som byggjer på denne malen, vert vist i arbeidsområdet med filnamnet «Utan namn X» (der X er eit tal).