Vegvisarar

Hjelper deg med å laga formelle og personlege brev, faksar, saklister, presentasjonar med meir.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Fil → Vegvisarar


Brev

startar vegvisaren for ein brevmal.

Faks

Opnar faks-vegvisaren. Vegvisaren hjelper deg å laga dokumentmalar for faksar. Du kan skriva ut faksen på ein skrivar eller senda han som faks, dersom du har programvare for det.

Sakliste

Startar vegvisaren for møteplanar.

Dokumentkonvertering

Kopierer og gjer om dokument til OpenDocument XML-formatet som vert brukt av LibreOffice.

Euro-omreknar

Konverterer valutaen funne i LibreOffice Calc-dokument og i felt og tabellar i LibreOffice Writer-dokument til euro.

Adressedatakjelde

Denne vegvisaren registrerer ei eksisterande adressebok som datakjelde i LibreOffice.

Støtt oss!