Hjelp i LibreOffice

Ekstern video

Ver gild å godta denne videoen. Ved å godta vil du få tilgang til innhald frå YouTube, ei teneste levert av ein ekstern tredjepart.

YouTube sine retningslinjer for personvern

Hjelpesidene for LibreOffice vert viste i den nettlesaren du har sett som standard.

Hjelp viser til standardinnstillingane for programmet på eit standarsystem. Beskrivinga av fargar, musehandlingar og andre element som er systemavhengige, kan verta styrde av systeminnstillingane og kan difor sjå annleis ut i det programmet og systemet du brukar.

warning

Hjelpesystemet for alle programvareversjonane er basert på dei same kjeldefilene. Difor kan nokre av funksjonane som er omtalte i hjelpa mangla i denne versjonen av programmet, medan andre funksjonar som berre finst i ei bestemt utgåve av programmet ikkje er med i hjelp.


note

Hjelpesider i LibreOffice utvidingane brukar framleis det gamle hjelpsystemet. Dei gamle hjelpesidene er tilgjengelege her.


Eigenskapar for LibreOffice sine hjelpesider

Modulliste

Trykk på nedoverpila like etter ordet «Modul» oppe til venstre på sida for å opna nedtrekkslista og trykk på LibreOffice-modulen for å visa opningssida for hjelp for modulen.

Språklista (berre for hjelp via nettet).

Berre tilgjengeleg i nettversjonen. Vel språket for visinga av den gjeldande hjelpsida.

Hjelpindeks

Hjelpindeksen viser ei liste over nøkkelord for alle LibreOffice-modulane. Trykk på eit nøkkelord i lista for å opna den aktuelle hjelpsida.

Søkja i hjelpindeksen

Skriv inn søkjeordet i tekstvindauget. Søket vert utført medan du skriv.

Søkjeresultata vert viste som ei filtrert liste over treff grupperte etter modulnamn. Resultata tek også med nesten-treff. Dei delane av treffa som passar, er utheva for kvart resultat.

Overskrifta GLOBAL indikerer samsvar med søkjeord som er relevante for fleire LibreOffice-modular. For eksempel gjeld cellegrenser både reknearkceller, tekst- og presentasjonstabellceller og rammer.

Bruk pilsymbola nedst på indekssida for å rulla framover og bakover i indekspostane eller i det filtrerte resultatet.

Innhald – Hovudemna i hjelp

Viser ein indeks over hovudemna i alle modulane.

Bruka nettlesaren for LibreOffice-hjelp

Navigera i hjelpesidene

Bruk Tilbake- og Fram-knappane i nettlesaren for å bytte mellom sidene. I dei fleste nettlesarane kan du halde museknappen nede ei stund (eller høgreklikka) når musepeikaren er over Tilbake-knappen for å få fram ei nedtrekksliste over sider som har vore opna tidlegare. Held du musepeikaren over Fram-knappen, får du opp ei liste over sider som er opna etter den gjeldande sida.

Bokmerk hjelpesider

Bruk bokmerke-funksjonen i nettlesaren for å få rask tilgang til relevante hjelpesider. Slik kan du bokmerka ei side i dei fleste nettlesarane:

  1. Opna bokmerkemenyen i nettlesaren.

  2. Vel Legg til bokmerke eller

    Trykk + D i dei fleste nettlesarane.

  3. Skriv inn namnet, mappa og eit meiningsfylt merke for bokmerket.

  4. Lukk dialogvindauget for bokmerke.

Logg over hjelpesider

Kvar hjelpeside som er opna vert registrert i historikken til nettlesaren. Slik kan du opna historikken:

  1. Vel menyen Historikk.

  2. Vel Vis historikk.

  3. Klikk på ei oppføring i hovudsida for historikken for å opna den tilsvarande hjelpsida.

Kopiera hjelpeinnhaldet til utklippstavla

Du kan kopiera innhald frå hjelpsida til utklippstavla i operativsystemet ved hjelp av dei vanlege kommandoane i operativsystemet. For eksempel:

  1. Merk teksten på hjelpesida du vil kopiera.

  2. Trykk + C.

I nokre tilfelle kan innhaldet på hjelpesidene kopierast til systemutklippstavla med berre eitt museklikk. I desse tilfella kjem det opp ei infoboble når du held musepeikaren over innhaldet. For eksempel kan denne linja kopierast:

=SUMMER(A1:A10)

Søk på den gjeldande sida

Slik søkjer du i den viste hjelpesida:

  1. Opna søkjeverktøyet i nettlesaren din, som til vanleg er tilgjengeleg ved å bruka snarvegen + F.

  2. I skrivefeltet Søk etter skriv du inn kva du ønskjer å finna.

  3. Vel søkjeinnstillingane som skal brukast.

  4. Trykk Enter.

For å finna det førre tilfellet av søkjeteksten på sida, trykk på Pil opp. For å finna den neste, trykk på Pil ned.

Generell innhaldsinformasjon

Symbol i dokumentasjonen

Det er tre ulike symbol som vert brukte for å gjera deg merksam på tilleggsinformasjon du kan ha nytte av.

Åtvaringsikon

Symbolet Viktig peikar på viktig informasjon om data- og systemtryggleik.


Merknadsikon

Symbolet Merk viser til ekstra informasjon, som for eksempel alternative måtar du kan løysa eit problem på.


Tipsikon

Symbolet Tips gjev deg ulike tips for meir effektivt bruk av programmet.


Støtt oss!