LibreOffice 24.8 Hjelp
Du kan søkje etter eit bestemt emne ved å skriva inn eit ord i feltet Stikkord. Vindauget inneheld ei alfabetisk liste med stikkord.
Viss markøren er i stikkordlista medan du skriv inn søkjeordet, vil fokus automatisk hoppa til neste treff. Når du skriv inn søkjeordet i tekstboksen Stikkord, vil fokus gå til det beste treffet i stikkordlista.
Søk i stikkord og i heile hjelpeteksten gjeld alltid for det valde LibreOffice-programmet. Vel ønskt program i listeboksen øverst til venstre i hjelpevindauget.