LibreOffice 7.5 Hjelp
Med tips og utvida tips kan du få hjelp under arbeidet.
Tipstekstane viser deg namna på dei ulike verktøylinjeknappane. Hald musepeikaren over ein knapp ei kort stund for å sjå kva knappen heiter.
Tipstekstar vert også viste for nokre av elementa i eit dokument, som for eksempel kapittelnamn når du rullar gjennom eit langt dokument.
Tips er alltid tilgjengelege.
Utvida tips gjev ein kort omtale av knappar og kommandoar. Du kan visa eit utvida tips ved å trykkja Shift + F1 og halda musepeikaren over knappen eller kommandoen.
Viss du alltid vil bruka utvida tips i staden for tips, aktiver utvida tips på - LibreOffice → Generelt.