Hjelpevindauget i LibreOffice

Åtvaringsikon

Hjelpesystemet for alle programvareversjonane er basert på dei same kjeldefilene. Difor kan nokre av funksjonane som er omtalte i hjelpa mangla i denne versjonen av programmet, medan andre funksjonar som berre finst i ei bestemt utgåve av programmet ikkje er med i hjelp.


Hjelp -vindauget viser den valde hjelpesida.

Verktøylinja inneheld viktige funksjonar for å kontrollera hjelpesystemet :

Ikon

Slår visinga av navigasjonspanelet av og på.

Ikon

Flyttar tilbake til den førre sida.

Ikon

Flyttar fram til den neste sida.

Ikon

Flyttar til den første sida i det brukte hjelpeemnet.

Ikon

Skriv ut den gjeldande sida.

Ikon

Legg sida til i bokmerka.

Søkjeknapp

Opnar dialogvindauget Finn på denne sida.

Desse kommandoane finst også i sprettoppmenyen i hjelpedokumentet.

Hjelpeside

Du kan kopiera tekst frå hjelplesaren til utklippstavla ved hjelp av dei vanlege kommandoane i operativsystemet. For eksempel:

  1. Merk teksten du vil kopiera på hjelpesida.

  2. Trykk + C.

Slik søkjer du i den viste hjelpesida:

  1. Trykk på knappen Finn på denne sida.

    Dialogvindauget Finn på denne sida vert opna.

    Merknadsikon

    Du kan også klikka i hjelpsida og trykkja + F.


  2. I skrivefeltet Søk etter skriv du inn kva du ønskjer å finna.

  3. Vel søkjeinnstillingane som skal brukast.

  4. Trykk på Søk.

    For å finna den neste førekomsten av søkjeordet, trykk Søk igjen.

Navigasjonspanelet

Navigasjonsfeltet i hjelpvindauget inneheld fanene Innhald, Indeks, Finn og Bokmerke.

Vel andre LibreOffice-hjelpemodular i lista øvst. Fanene Indeks og Finn inneheld berre data for den valde LibreOffice-modulen.

Innhald

Viser ein indeks med hovudemna i alle modulane.

Stikkord

Viser ei indeksliste med nøkkelord for den valde LibreOffice-modulen.

Søk

Let deg utføra eit søk i heile teksten. Søket vil ta med heile innhaldet i den valde LibreOffice-modulen.

Bokmerke

Inneheld sjølvvalde bokmerke. Du kan redigera eller sletta bokmerke eller trykkja på dei for å gå til sida det vert peika til.


Støtt oss!