Få hjelp

Du kan finna hjelp på LibreOffice-nettstadene.

Du kan finna eit oversyn over dei gjeldande støttetenestene i fila Readme i mappa for LibreOffice.

Hjelpsider på lokale språk

Lokaliseringsprosjekta i LibreOffice tilbyr støttesider på ulike språk. Du kan finna eit oversyn over morsmålsprosjekta på LibreOffice-nettstad . Du kan også finna engelskspråkleg hjelp og støtte på nettstaden til LibreOffice.

E-postlister

Spør om LibreOffice, finn hjelp av frivillige og diskuter emne på dei offentlege postlistene. Du kan finna mange generelle og spesialiserte adresselister på% PRODUCTNAME-nettstaden på www.libreoffice.org .

Forum

Du kan gå inn på nettforum for å spørja og svara på spørsmål om LibreOffice. Vel menyen Hjelp → Få hjelp på nettet. (Engelskspråkleg. Finst ikkje forum på norsk).

Tryggleik

Viss du er bekymra for tryggleiken ved å bruka denne programvaren, kan du kontakta utviklarane på den offentlege postlista. Ønskjer du å diskutera spørsmål med andre brukarar, send ein e-post til den offentlege postlista users@libreoffice.org. Alt på engelsk.

Nedlastingar

Du kan lasta ned den nyaste versjonen av LibreOffice frå www.libreoffice.org/download/.

Dokumentasjon

Du kan lasta ned dokumentasjon og rettleiingar i form av handbøker som eit odt- eller PDF-dokument frå LibreOffice sin dokumentasjonsnettstad documentation.libreoffice.org. Du kan også opna dokumentasjonssida (på engelsk) frå menyen Hjelp → Brukarrettleiingar.

Delta og gje tilbake

Viss du vil delta aktivt i det verdsomspennande LibreOffice-fellesskapet, så er du hjarteleg velkommen til å gje tilbakemeldingar, diskutera funksjonar, føreslå forbetringar eller bidra med ein artikkel i ofte stilte spørsmål (FAQ), i instruksjonane eller i brukarhandboka. Du kan også laga dine eigen undervisningsvideo osv.

Besøk sida Get involved og følj derifrå dei ulike lenkjene for bidragsytarar.

Støtt oss!