Farge

Mer fargelinja kan du redigera nokre av eigenskapane til det valde objektet.

Du kan opna fargelinja ved Ä trykkja pÄ fargeknappen pÄ biletlinja.

Raud

I denne talboksen kan du velja kor mykje raudfarge (i RGB-modellen) som skal visast i det valde biletobjektet. Du kan velja verdiar frÄ -100 % (ingen raudfarge) til +100 % (heilt raudt).

Ikon

Raud

GrĂžn

I denne talboksen kan du velja kor mykje grÞnfarge (i RGB-modellen) som skal visast i det valde biletobjektet. Du kan velja verdiar frÄ -100 % (ingen grÞnfarge) til +100 % (heilt grÞnt).

Ikon

GrĂžn

BlÄ

I denne talboksen kan du velja kor mykje blÄfarge (i RGB-modellen) som skal visast i det valde biletobjektet. Du kan velja verdiar frÄ -100 % (ingen blÄfarge) til +100 % (heilt blÄtt).

Ikon

BlÄ

Lysstyrke

I denne talboksen kan du gjera det valde grafikkobjektet lysare eller mÞrkare. Du kan velja verdiar frÄ -100% (heilt svart) til +100% (heilt kvitt).

Ikon Lysstyrke

Lysstyrke

Kontrast

I talboksen for kontrast kan du velja stÞrre eller mindre kontrast for vising av biletet. Du kan velja verdiar frÄ -100% (ingen kontrast) til +100% (full kontrast).

Ikon

Kontrast

Gamma

Bestemmer gammaverdien for vising av det valde objektet. Dette pÄverkar lysstyrken til midttoneverdiar. Du kan velja verdiar frÄ 0,10 (minste Gamma) til 10 (stÞrste Gamma).

Ikon

Gamma

StĂžtt oss!