I Impress og Draw kjem det ikkje opp noko dialogvindauge når du klikkar på knappen, men du kan sjå åtte klippehandtak rundt biletet. Opna sprettoppvindauget (høgreklikk) for det aktuelle biletet og vel viss du i staden ønskjer å bruka dialogvindauget for skjeringa.
Skjer til
Bruk dette området for å skjera til eller skalera det valde biletet, eller for å leggja til luft rundt biletet.
Same skala
Held på det opphavlege høvet mellom høgd og breidd i biletet når du skjer det til, slik at berre storleiken vert endra.
Same biletstorleik
Held på den opphavlege storleiken på biletet når du skjer det til, slik at det vert skalert. For å skalera ned biletet, vel du dette alternativet og skriv inn ein negativ verdi i skjeringsboksane. For å skalera opp, skriv du inn positive verdiar i skjeringsboksane.
Venstre
Viss Same skala er valt, skriv inn ein positiv verdi for å klippa vekk litt av den venstre kanten av biletet. Skriv inn ein negativ verdi for å leggja til eit kvitt felt til venstre for biletet. Viss Hald på storleiken er valt, skriv inn ein positiv verdi for å skalera opp biletet vassrett. Skriv inn ein negativ verdi for å skalera ned.
Høgre
Viss Same skala er valt, skriv inn ein positiv verdi for å klippa vekk litt av den høgre kanten av biletet. Skriv inn ein negativ verdi for å leggja til eit kvitt felt til høgre for biletet. Viss Hald på storleiken er valt, skriv inn ein positiv verdi for å skalera opp biletet vassrett. Skriv inn ein negativ verdi for å skalera ned.
Topp
Viss valet Same forhold er valt, skriv inn ein positiv verdi for å klippa vekk litt av den øvre delen av biletet. Skriv inn ein negativ verdi for å leggja til eit kvitt felt over biletet. Viss Hald på storleiken er valt, skriv inn ein positiv verdi for å skalera opp biletet loddrett. Skriv inn ein negativ verdi for å skalera ned.
Botn
Dersom Same forhold er valt, skriv du inn ein positiv verdi for å klippa bort nedste del av biletet eller ein negativ for å leggja til kvitt tomrom. Dersom Hald på storleiken er valt, skriv du inn ein positiv verdi for å auka den loddrette skaleringa av biletet, eller ein negativ for å minka.
Skalering
Skalerer det valde biletet.
Breidd
Vel breidda på biletet i prosent.
Høgd
Vel høgda på biletet i prosent.
Biletstorleik
Endrar storleiken på det valde biletet.
Breidd
Vel kor breidt det valde biletet skal vera.
Høgd
Vel kor høgt det valde biletet skal vera.
Førehandsvis felt
Viser ei førehandsvising av det gjeldande utvalet.
Opphavleg storleik
Stiller storleiken på grafikken tilbake til den opphavlege storleiken.