Biletmodus

Viser ei liste over visingsattributta til det valde biletobjektet. Det innebygde eller lenkja biletobjektet i denne fila vert ikkje endra, berre visinga av objektet.

Cellestilar

Biletmodus

Standard

Visinga av biletobjektet vert ikkje endra.

Gråtonar

Biletobjektet vert vist i gråtoner. På denne måten kan eit biletobjekt i fargar visast i einsfarga gråtoner. Du kan også bruka glidebrytarane for farge til å farga det einsfarga objektet med ein farge.

Svart-kvitt

Biletobjektet vert vist i rein svart-kvitt. Alle lysverdiar under 50 % vert svarte, medan alle over 50 % vert kvite.

Vassmerke

Biletobjektet vert gjort lysare og med mindre kontrast, slik at det kan brukast i bakgrunnen som eit vassmerke.

Støtt oss!