LibreOffice 25.2 Hjelp
Denne knappen på biletverktøylinjaopnar filterlinja, som let deg bruka ulike filter på det valde biletet.
Filter
Inverterer fargeverdiane i eit fargebilete, eller lysstyrkeverdiane i eit bilete i gråtoner, slik at du får eit negativ. Bruk filteret ein gong til for å gjera om effekten.
Snu
Gjer biletet mjukare eller slørar det ved å bruka eit lågpassfilter.
Gjer jamnare
Gjer biletet skarpare ved hjelp av eit høgpassfilter.
Gjer skarpare
Fjernar støy i biletet ved hjelp av eit medianfilter.
Fjern støy
Opnar eit dialogvindauge der du kan styra solariseringseffekten. Solarisering er ein effekt som får biletet til å sjå ut som det har kome lys på filmen under framkallinga. Fargane vert delvis omsnudde.
Solarisering
Vel grad og type solarisering.
Vel kor lyst biletet skal visast (i prosent). Alle biletpunkta som er lysare enn det du vel, vert solariserte.
Kryss av her viss biletpunkta som skal solariserast også skal inverterast.
Alle pikslane vert sette til gråtoneverdiane sine, deretter vert den grøne og den blå fargekanalen redusert med verdien du vel. Den raude fargekanalen vert ikkje endra.
Aldring
Viser graden av aldring i prosent. Ved 0 % vert alle pikslane viste med den gråtoneverdien dei har. Ved 100 % er berre den raude fargekanalen synleg.
Opnar eit dialogvindauge der du kan velja kor mange plakatfargar som skal brukast. Med denne effekten vert talet på fargar redusert, og fotografiet ser ut som eit målarstykke.
Plakateffekt
Set kor mange fargar du vil redusera biletet til.
Konverterer eit bilete til pop-art-format.
Popkunst
Viser biletet som ei kolstiftteikning. Konturane i biletet vert teikna med svart og dei opphavlege fargane vert fjerna.
Kolteikning
Viser eit dialogvindauge der du kan laga relieff. Du kan velja kvar den tenkte lyskjelda som avgjer skuggen skal vera og korleis biletet skal sjå ut i relieff.
Relieff
Vel kvar lyskjelda skal plasserast. Kjelda er vist som ein prikk.
Slår saman små grupper av biletpunkt til rektangulære område i same farge. Dess større rektangla er, dess færre detaljar får biletet.
Mosaikk
Vel talet på biletpunkt som skal slåast saman i rektangel.
Vel breidda på dei enkelte flisene.
Vel høgda på dei enkelte flisene.
Gjer kantane til objektet skarpare.