Merkingsmodus

Byter mellom ulike utvalsmodus.

Klikk på dette feltet for å opna ein sprettoppmeny med desse vala:

Modus

Effekt

Standardmerking

Dette er standard markeringsmodus for tekstdokument. Du kan markere utval frå tastaturet ved hjelp avShift + navigeringstastane (Piler, Home, End, PageUp, PageDown). Med datamusa klikkar du der markeringa skal byrja, held nede den venstre museknappen og flytter markøren til slutten av markeringa. Slepp opp museknappen når du er ferdig.

Utvida merking

Bruk musa, piltastane eller tastane Home og End for å utvida eller innskrenka det gjeldande utvalet. Ved å klikka kor som helst i teksten vert området mellom markøren og der du klikka merkt.

Hald nede Shift-tasten for å slå på tilstanden «Utvid merking» mellombels.

Legg til markering (Shift + F8)

Bruk denne modusen for å merkja fleire tekstområde. Kvar ny markering med musa eller tastaturet vert lagt til som ei ny markering.

Hald nede Ctrl-tasten for å slå på tilstanden «Legg til i utvalet» mellombels.

Blokkmerking ( + Shift + F8)

Bruk denne modusen for å merkja ei ikkje samanhengande tekstblokk.

Hald nede Alt-tasten for å slå på tilstanden «Blokkmerking» mellombels.


Støtt oss!