Innsetjingsmodus

Viser den gjeldande innsetjingsmodusen. Du kan veksla mellom INN (sett inn) og OVER (skriv over).

Klikk i feltet for å skifta modus (gjeld ikkje i LibreOffice Basic IDE, der berre innsetjingsmodus er aktiv). Viss markøren står i eit tekstdokument, kan du også skifta modus med Insert-tasten (viss denne finst på tastaturet du brukar).

Modus

Resultat

INN

I innsetjingsmodus, vert ny tekst sett inn ved skrivemerket, slik at teksten som kjem etter vert flytt til høgre. Skrivemerket ser ut som ein loddrett strek.

OVER

I overskrivingsmodus vert den teksten som står der frå bør bytt ut med ny tekst. Skrivemerket ser ut som ein tjukk loddrett strek.


Støtt oss!