Automatisk stavekontroll av/på

Utfører stavekontroll automatisk medan du skriv og set strek under feil.

Automatisk Stavekontroll På/Av

Automatisk stavekontroll av/på

Skrivefeil vert utheva med ein raud bølgjestrek. Dersom du plasserer skrivemerket over eit ord som er merkt slik, kan du opna sprettoppmenyen for å få opp ei liste over framlegg til rettingar. Vel ei av dei for å erstatta ordet. Dersom du gjer den same feilen ein gong til medan du redigerer dokumentet, vert han igjen merkt med bølgjestrek.

For å plassera ordparet i tabellen for autoretting, opnar du sprettoppmenyen for autoretting og vel Autoretting. Vel ei erstatting frå undermenyen. Ordet vert då erstatta og plassert i tabellen for autoretting.

Støtt oss!