Utval
Gjer det mogleg å velja objekt i dette dokumentet.
Trykk på eit objekt med pila for å velja det. Du kan velja meir enn eitt objekt ved å dra ei merkingsramme rundt objekta. Du kan leggja til fleire objekt i eit utval ved å halda nede Shift og så trykkja på objektet. Objekta som er markerte, kan samlast til ei gruppe slik at dei vert til eitt gruppeobjekt.
Du kan redigera dei enkelte elementa i ei gruppe. Du kan også sletta element frå ei gruppe med CmdShift + klikk.
Du kan velja enkeltobjekt i ei gruppe ved å dobbeltklikka viss du først slår av Dobbeltklikk for å redigera teksten på verktøylinja Innstillingar.