Innstilling av innrykk, margar og spalter

Du kan setja innrykk og margar for dette avsnittet eller alle valde avsnitt med musa.

Dersom du deler sida inn i spalter eller dersom skrivemerket står i ei tekstramme med fleire spalter, kan du endra spaltebreidda og mellomrommet mellom spaltene ved å dra dei med musa på linjalen.

Når eit objekt, eit bilete eller eit teikneobjekt er valt, ser du kantane på objektet i linjalen. Du kan endra på kantane ved å dra dei på linjalen med musa.

Dersom skrivemerket står i ei tabellcelle, kan du endra innrykket til innhaldet i cella ved å dra det med musa på linjalen. Du kan endra på grenselinjene til tabellen på linjalen eller ved å dra i sjølve grenselinja.

Ikon

Desse ikona viser venstreinnrykket til den første linja i det valde avsnittet (øvste trekanten) og venstreinnrykket til dei andre linjene i avsnittet (nedste trekanten).

Ikon

Dette ikonet til høgre på linjalen viser høgreinnrykket til det valde avsnittet.

Oppgåve

Framgangsmåte

Set venstreinnrykk

Dra det nedre venstre merket til høgre medan du held museknappen nede.

Set venstreinnrykket til den første linja

Dra det øvre venstre merket til høgre medan du held museknappen nede.

Set høgreinnrykk

Dra merket til høgre mot venstre medan du held museknappen nede.


tip

For å endra det venstre innrykket frå og med den andre linja i avsnittet, hald nede tasten og trykk på trekanten nedst til venstre og dra han til høgre.


note

Tabulatorar som er sette vert ikkje endra når du rykkjer inn eit avsnitt. Dersom tabulatorane hamnar utanfor margane til avsnittet, vert dei ikkje lenger viste, men dei finst likevel.


Støtt oss!