LibreOffice 25.2 Hjelp
Spesifiser sorteringskriteria for visinga av data.
Medan funksjonane Sorter i stigande rekkjefølgje og Sorter i fallande rekkjefølgje berre sorterer etter eitt kriterium, kan du kombinera fleire kriterium i dialogvindauget Sorteringsrekkjefølgje.
Du kan fjerna ei utført sortering med knappen Tilbakestill filter/sortering.
Bruk dette området til å velja sorteringskriteria. Viss du vel fleire sorteringskriterium under og så, vert dataa som svarar til innhaldet i det første kriteriet, sortert etter det neste kriteriet.
Viss du for eksempel sorterer feltnamnet «Fornamn» stigande og feltnamnet «Etternamn» fallande, vert alle postane sortert stigande etter fornamn og så fallande etter etternamn innanfor kvart fornamn.
Vel datafeltnamn. Innhaldet avgjer sorteringsrekkjefølgja.
Vel sorteringsrekkjefølgje (stigande eller fallande).
Vel fleire underordna sorteringskriterium frå dei andre felta.