LibreOffice 25.2 Hjelp
Bestemmer dei logiske vilkåra for filtrering av tabelldata. Dette dialogvindauget er tilgjengeleg for reknearkdokument, databasetabellar og databaseskjema. Knappen Meir finst ikkje i dialogvindauge for databasar.
LibreOffice lagrar dei gjeldande filterinnstillingane til neste gong du opnar dette dialogvindauget.
Du kan laga eit filter ved å velja linjetype, namnet på feltet, eit logisk vilkår og ein verdi eller ein kombinasjon av argument.
For dei følgjande argumenta kan du velja mellom dei logiske operatorane «OG» og «ELLER».
Vel feltnamna i den gjeldande tabellen for å setja dei inn i argumentet. Dersom det ikkje er nokon tekst tilgjengeleg som feltnamn, vert kolonneidentifikatoren vist.
Vel dei komparative operatorane som oppføringane i feltafeltnamn og verdi skal lenkjast ved hjelp av.
Bestemmer ein verdi som feltet skal filtrerast med.
Verdilista inneheld alle dei moglege verdiane for det gjevne feltnamnet. Vel den verdien som skal brukast i filteret. Du kan òg velja - tom - eller - ikkje tom -.
Dersom du brukar filterfunksjonen i databasetabellar eller skjema, skriv du verdien som skal brukast til filtrering i skrivefeltet Verdi.