Tabell

Vel Tabell i dialogvindauget Set inn databasekolonnar for å setja dei valde dataa inn i dokumentet som ein tabell. I dialogvindauget kan du òg avgjera kva databasefelt eller kolonnar som skal overførast og korleis teksttabellen skal formaterast.

Tabell

I tabellområdet kan du bruka piltastane til å velja dei kolonnane i databasetabellen som skal brukast med den neste tabellen.

Databasekolonnar

Vel databasekolonnen du vil setja inn i teksttabellen. Alle databasetabellkolonnar som ikkje er godtekne i listeboksen Tabellkolonnar vert lista opp her. Oppføringane er sorterte alfabetisk.

Tabellkolonnar

Viser alle databasetabellar som kan setjast inn i dokumentet. Det vert tildelt ein kolonne til kvar oppføring i tabellen. Oppføringsrekkjefølgja i listeboksen for tabellkolonnar avgjer datarekkjefølgja i teksttabellen.

>>

Flyttar alle databasefelta i lista inn i listeboksen for tabellkolonnar. Alle felt som er lista opp i listeboksen vert sette inn i dokumentet.

>

Flyttar det valde databasefeltet inn i listeboksen for tabellkolonnar. Du kan òg dobbeltklikka på ei oppføring for å flytta ho over i listeboksen. Alle felt som er lista opp i listeboksen for tabellkolonnar vert sette inn i dokumentet.

<

Fjernar dei valde databasefelta frå listeboksen for tabellkolonnen. Felta som er fjerna vert ikkje sette inn i dokumentet.

<<

Flyttar alle databasefelta frå listeboksen i tabellkolonnen.

Format

Vel formatet for innsetjing av databasefelta i dokumentet.

Frå database

Godtar databaseformata.

Vel

Vel eit format frå lista viss formatinformasjonen til visse datafelt ikkje vert godtekne. Desse formata er berre tilgjengelege for særskilde databasefelt, som talfelt eller Boolske felt. Om du vel eit databasefelt i tekstformat kan du ikkje velja noko format frå lista, sidan tekstformatet vert halde fast på automatisk.

Viss formatet du vil bruka ikkje står i lista, vel du «Andre format» og lagar deg eit format i dialogvindauget Talformat.

Talformatet som er valt i lista viser alltid til databasefeltet som er valt i lista Databasekolonnar.

Merknadsikon

For at dataa skal kunna setjast inn i dokumentet som ein tabell, må det rette tabellalternativet vera vald. Du kan då velja eit databasefelt frå lista Tabellkolonnar for å styra formateringa av databasefeltet. Endringar i talformata vert brukte på det siste utvalet. Det er det same om databasefeltet var vald frå lista Databasekolonnar eller frå Tabellkolonnar.


Set inn tabelloverskrift

Kryss av for å setja inn ei overskriftlinje for kolonnane i teksttabellen.

Bruk kolonnenamn

Brukar feltnamna i databasetabellen som overskrifter for kvar av kolonnane i teksttabellane.

Lag berre rad

Set inn ei tom linje for overskrifter i teksttabellen. Viss du brukar Lag berre rad-alternativet, kan du laga overskrifter som ikkje treng å samsvara med namna på databasefelta i dokumentet.

Eigenskapar

Opnar dialogvindauget , som let deg styra eigenskapar som kantlinjer, bakgrunn og fargebreidd.

Autoformatering

Opnar dialogvindauget , der du kan velja formatstilar som vert tekne i bruk når du set inn tabellen.

Støtt oss!