Set inn databasekolonnar
Set inn alle felt frå den markerte oppføringa i det gjeldande dokumentet der skrivemerket står. Denne knappen er berre synleg dersom dokumentet er eit tekstdokument eller rekneark.
I datakjeldeutforskaren kan du velja posten du vil setja inn i dokumentet og trykka på Data til tekst. Posten vert sett inn i dokumentet der markøren står, og innhaldet i kvart enkelt felt i posten vert kopiert til ein tabellkolonne. Du kan også velja fleire postar og overføra dei til dokumentet ved å trykka på Data til tekst. Nå vert kvar enkelt post skrive inn i ei ny rad.
I datakjeldelesaren vel du dei postane du vil setja inn i dokumentet og trykkjer så på Data til tekst eller dreg og slepp data frå datakjeldelesaren til dokumentet. Dialogvindauget Set inn databasekolonnar vert då opna. Vel om dataa skal setjast inn som ein tabell, felt eller som tekst.
Dei innstillingane du vel i dialogvindauget Set inn databasekolonnar vert lagra og brukte igjen neste gong dialogvindauget vert opna. Denne lagreprosessen er uavhengig av databasen og kan ta vare på innstillingar for opptil fem databasar.
Dersom dataa vert sette inn i dokumentet som ein tabell, vert ikkje tabelleigenskapane lagra saman med dataa i dokumentet. Dersom du vel å formatera tabellen med Autoformatering, vil LibreOffice hugsa namnet på formatmalen. Denne malen vert så brukt dersom du set inn dataa som ein tabell igjen, så sant ikkje innstillingane er endra.