LibreOffice 25.2 Hjelp
Filtrerer postane etter innhaldet i det valde datafeltet.
Autofilter
Set skrivemerket i namnet til det feltet som inneheld det du vil filtrera og trykk på Autofilter. Berre dei postane som har likt innhald som det valde feltet vert viste.
Viss du for eksempel vil visa alle kundane frå Haugesund, vel du feltnamnet der det står «Haugesund». Autofilteret vil då henta fram alle kundane frå Haugesund.
Du kan fjerna autofiltreringa med knappen Tilbakestill filter/sortering eller med Data → Filter → Tilbakestill filter.
For å filtrere med fleire feltnamn samtidig, klikk på ikonet Standardfilter . Dette vil opna dialogvindauget Standardfilter der du kan kombinera fleire filterkriterium.