Sortera ei celleblokk i LibreOffice Calc
Ei celleblokk er eit rektangulært celleområde omgjeve av tome celler.
LibreOffice Calc identifiserer ei celleblok som skal sorterast automatisk. Set markøren inne i blokka og sorteringa vert utført straks.
Viss alle cellene i den første rada i ei blokk inneheld tekstceller, vert denne rada oppfatta som overskrift. Sorteringa vert difor utført frå den andre rada viss ikkje alle celleblokkene er tekstceller.
Viss derimot minst éi av cellene i den øvste rada inneheld ein talverdi, eller at alle blokkcellene er tekstceller, vert den første rada ikkje oppfatta som ei overskrift og heile blokka vert sortert.
Sorteringa er brukt på den merkte kolonnen i den første rada i blokka.
Viss den merkte kolonnen er inne i blokka, vil LibreOffice Calc be om at sorteringa vert utvida til dei tilstøytande kolonnane.