E-post

Du kan redigera e-postadresser på E-postsida i dialogvindauget Hyperlenkje.

For å bruka denne funksjonen …

Trykk på Hyperlenkje-symbolet på verktøylinja Standard og vel E-post


Dialogvindauget for hyperlenkje – e-post

Post

Mottakar

Tilordnar den oppgjevne e-postadressa til hyperlenkja. Ved å trykkja på den nye hyperkoplinga i dokumentet vert det opna eit nytt meldingsdokument adressert til mottakaren som er sett i Mottakar-feltet.

Datakjelder

Gøymer eller viser lesaren for datakjelde. Dra mottakaren sitt datafelt E-post frå datakjeldelesaren inn i tekstfeltet Mottakar.

Emne

Spesifiserer eit emne som skal setjast inn i emnelinja i den nye meldinga.

note

Hyperlenkja for e-post opnar ei lenkje i formatet mailto:namn@adresse?subject=e-post_subjektet . Systemet vil normalt nytta standard e-postlesar for å handsama dette.


Fleire innstillingar

Skjema

Bestemmer om hyperlenkja skal setjast inn som ein tekst eller ein knapp,

Hendingar

Opnar dialogvindauget Tildel makro, der du kan tilordna programkodar til hendingar som for eksempel «mus over objekt» eller «følg hyperlenkje».

Tekst

Bestemmer den synlege teksten på ein knapp for ei hyperlenkje.

Namn

Skriv inn eit namn på hyperlenkja. LibreOffice set inn ein NAME-tagg i hyperlenkja.

Støtt oss!