Legg til eller fjern punktmerke i dei valde avsnitta.
For å bruka denne funksjonen …
Frå menylinja:
Vel Format → Lister → Usortert liste.
Frå sprettoppmenyen:
Vel Lister → Usortert liste.
Frå brukargrensesnittet med faner:
Vel Heim → Usortert liste.
Frå verktøylinjer:
Slå usortert liste av/på
Frå tastaturet:
Shift + F12
Frå sidepanelet:
Trykk på Usortert liste i fana Avsnitt i Sidepanelet.
Innstillingar for punktoppstillingar som type og plasering vert definerte i dialogvindauget Punkt og nummerering. Du opnar dette dialogvindauget ved å klikka på symbolet Punkt og nummerering på verktøylinja Punkt og nummerering
Alternativ for punktmerking, som for eksempel type og posisjon, vel du i dialogvindauget Punktlister og nummerering. Du opnar dette dialogvindauget ved å trykkja på Punktlister og nummerering på verktøylinja Tekstformatering.
I Vevoppsett kan ikkje alternativa for nummerering og punktmerking brukast.
Avstanden mellom teksten og det venstre tekstfeltet og plasseringa av teikna kan setjast i dialogvindauget under Format → Avsnitt ved å skriva inn venstre innrykk og innrykket for første linje.