Kantlinjer
Trykk på knappen Kantlinjer for å opna verktøylinja for kantlinjer. Der kan du endra kantlinjene til eit ark eller objekt.
Dette objektet kan vera kanten på ei ramme, eit bilete eller ein tabell. Ikonet er synleg berre viss ei ramme, eit bilete eller ein tabell er merkt.
Du kan velja ei bestemt kantlinje for éi celle ved å setja markøren i cella, opna verktøylinja Kantlinje og velja ei kantlinje.Når du set inn bilete eller tabellar, har dei alt ei kantlinje. Du kan fjerna denne linja ved å merkja biletet eller hele tabellen og trykkja på symbolet inga kantlinje på verktøylinja Kantlinje.
Du finn meir informasjon under Kantlinjer i hjelpa. Du kan òg lesa om korleis du formaterer ein teksttabell med knappen Kantlinjer.