LibreOffice 25.2 Hjelp
Med kombinasjonsfelt kan du anten lagra verdien av feltet i ein database eller visa denne verdien i eit skjema.
Brukarverdiane som er skrivne i kombinasjonsfeltet eller valde i lista kan lagrast i den databasetabellen som skjemaet brukar. Legg merkje til at det ikkje er mogleg å lagra verdiar i ein annan tabell. Dersom verdiane ikkje skal lagrast i nokon database, vert dei berre lagra i skjemaet. Dette er nyttig i HTML-skjema, der det brukaren skriv inn eller vel skal sendast til ein tenar.
Dette spørsmålet kan svarast på to måtar:
Vel om den verdien som brukaren har skrive inn eller valt i kombinasjonsboksen skal lagrast i eit databasefelt. Du kan velja mellom fleire databasetabellfelt frå skjemaet.
Det valde feltet vert vist som ei oppføring under Datafelt på fana Data i Kontrollelement → Eigenskapar.
Vel kva datafelt verdien frå kombinasjonsboksen skal lagrast i.
Vel at verdien frå denne kombinasjonsboksen ikkje skal skrivast til databasen, men berre lagrast i skjemaet.