Vegvisar for listeboks: Feltlenkje

Viser kva felt verditabellane og listetabellane skal lenkjast saman gjennom.

Verditabellen er den tabellen i skjemaet der listefeltet er sett inn. Listetabellen er den tabellen som skal visast i listefeltet. Begge tabellane må knytast saman gjennom eit felles datafelt. Desse lenkjene skal veljast på denne sida av vegvisaren. Feltnamna treng ikkje vera dei same (det er avhengig av korleis feltnamna er laga i begge tabellane), men begge felta må vera av same type.

For å bruka denne funksjonen …

Opna verktøylinja Kontrollelement for skjema og trykk på knappen Listeboks. Dra med musa for å laga eit felt. Skjemaet må vera kopla til ein database: vegvisaren side 3.


Verditabellfelt

Vel kva skjemadatafelt som skal knytast til eit felt i den lenkja tabellen. I tillegg må du velja det ønskte datafeltet i lista nedanfor.

I Kontrollelement → Eigenskapar vert det valde feltet vist som ei oppføring under Datafelt på fana Data.

Listetabellfelt

Vel det lenkja tabelldatafeltet som er knytt til det valde verditabellfeltet. I tillegg må du velja datafeltet i lista nedanfor.

I Kontrollelement → Eigenskapar vert det valde feltet vist under Listeinnhald på fana Data til eit SQL-uttrykk.

Støtt oss!