LibreOffice 7.5 Hjelp
Dersom du set inn ein kombinasjonsboks eller ein listeboks i eit dokument, startar ein vegvisar automatisk. I denne vegvisaren kan du interaktivt velja kva for informasjon som skal visast.
Du kan bruka Vegvisarar på/av til å velja om vegvisaren skal starta automatisk.
Vegvisarane for kombinasjonsboksar og listeboksar skil seg frå kvarandre i det siste steget. Dette er på grunn av eigenskapane til kontrollelementa:
Listeboksar
Med listeboksar vel brukaren éi oppføring frå ei liste med oppføringar. Desse oppføringane er lagra i ein databasetabell og kan ikkje endrast gjennom listeboksen.
Til vanleg vil ikkje den databasetabellen som inneheld dei synlege listeoppføringane vera den same tabellen som skjemaet er basert på. Listeboksane i skjemaet brukar referansar, altså ligg referansane til dei synlege listeoppføringane i skjematabellen (verditabellen). Dei er òg skrivne inn slik i verditabellen dersom brukaren vel ei oppføring frå lista og lagrar henne. Ved hjelp av referanseverdiar kan listeboksar visa data frå ein tabell som er knytt til skjematabellen. Slik kan vegvisaren for listeboksar knyta saman to tabellar i ein database, slik at kontrollfeltet kan visa ei detaljert liste over eit databasefelt som ligg i ein annan tabell enn den som skjemaet refererer til.
Det kravde feltet vert søkt etter i dei andre tabellane ved å bruka feltnamna (ControlSource), og felta vert så fullførte. Dersom feltnamnet ikkje finst, vert lista verande tom. Når listefelta inneheld lenkja kolonnar, vert den første kolonnen i den andre tabellen brukt utan å spørja først.
Viss ein varetabell for eksempel inneheld namnet på ein leverandør, kan listeboksen bruka lenkja «Leverandørnummer» til å henta namnet på leverandøren frå leverandørtabellen. På sida Feltlenkjer vil vegvisaren spørja om alle innstillingane som krevst for denne lenkja.
Kombinasjonsboksar
Med kombinasjonsboksar vel brukaren éi oppføring frå ei liste med oppføringar, men dei kan òg skriva inn tekst sjølve. Oppføringane som står i lista kan vera lagra i ein databasetabell. Dei oppføringane brukaren vel eller skriv inn kan lagrast anten berre i skjemaet eller i ein database. Dersom dei er lagra i ein database, vert dei skrivne til den databasetabellen som skjemaet er basert på.
Kombinasjonsboksar kan visa data frå einkvar tabell. Ei direkte lenkje mellom skjematabellen og tabellen med verdiar som skal visast i kombinasjonsboksen (listetabellen) trengst ikkje. Kombinasjonsboksar brukar ikkje referansar. Dersom brukaren skriv inn eller vel ein verdi og lagrar han, vert verdien lagra i skjematabellen slik som han vert vist. Sidan det ikkje er noka lenkje mellom skjematabellen og listetabellen, vert ikkje feltlenkjetabellen vist her.
I rullelister vel du oppføringar frå ei liste som er lagra i listetabellen. I kombinasjonsboksar kan du leggja til meir tekst som kan skrivast til databasetabellen til skjemaet (verditabellen). Difor er Datahandsaming den siste sida i Vegvisaren for kombinasjonsboksar, medan denne sida ikkje finst for listeboksar. Her kan du velja om tekst som er skriven inn skal lagrast og kvar han skal lagrast i verditabllen.