Vegvisar for tabellelement: Feltval

Vel kva felt i tabellelementet som skal visast.

For å bruka denne funksjonen …

Opna verktøylinja Kontrollelement for skjema, trykk på knappen Fleire kontrollelement og så Tabellkontroll. Dra med musa for å laga eit felt. Skjemaet må vera kopla til ein database.


Tilgjengelege felt

Viser ei liste over namna til databasefelta i den valde tabellen eller spørjinga. Trykk for å velja eit felt eller hald nede «Shift» eller «»-tasten medan du trykkjer for å velja meir enn eitt felt.

>

Trykk for å flytta dei valde felta til boksen pila peikar på.

>>

Trykk for å flytta alle felta til boksen pila peikar på.

<

Trykk for å flytta dei valde felta til boksen pila peikar på.

<<

Trykk for å flytta alle felta til boksen pila peikar på.

Valde felt

Viser dei datafelta som er tekne med i skjemafeltet.

Støtt oss!