Vegvisar for tabellelement

Dersom du set inn eit tabellelement i eit dokument, startar vegvisaren for tabellelement automatisk. I denne vegvisaren kan du interaktivt velja kva for informasjon som skal visast i tabellen.

For å bruka denne funksjonen …

Opna verktøylinja Kontrollelement for skjema, trykk på knappen Fleire kontrollelement og så Tabellkontroll. Dra med musa for å laga eit felt.


Merknadsikon

Du kan bruka Vegvisarar på/av til å velja om vegvisaren skal starta automatisk.


Vegvisar for tabellelement / listeboks / kombinasjonsboks: Data

Vel kva datakjelde og tabell skjemafeltet svarar til. Dersom du set inn skjemafeltet i eit dokument som frå før er knytt til ei datakjelde, vert ikkje denne sida vist.

Vegvisar for tabellelement: Feltval

Vel kva felt i tabellelementet som skal visast.

Avbryt

Lukkar du eit dialogvindauge med Avbryt, vert ingen av endringane du har gjort i han lagra.

Avbryt

Lukker dialogvindauget og avbryt alle endringar.

Tilbake

Vis vala du gjorde i dialogvindauget i det førre steget. Innstillingane på dette steget vert ikkje endra. Denne knappen kan berre brukast frå og med side to.

Neste

Trykk Neste. Då vil vegvisaren bruka gjeldande innstillingar og går vidare til neste steg. På det siste steget vert denne knappen endra til Lag.

Støtt oss!